Flyktningbåt forliste i Middelhavet

(NPK-NTB-AFP): Minst ti menneske omkom då ein båt med over hundre migrantar og flyktningar forliste i Middelhavet torsdag, ifølgje den italienske kystvakta.

107 menneske vart redda opp av sjøen, og det er mogleg at talet på døde kjem til å stige.

I ein annan redningsoperasjon mellom Libya og Sicilia torsdag vart 116 menneske henta opp av sjøen og frakta i tryggleik. (©NPK)

Annonse