Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Flyktninghjelpen meiner europeiske leiarar handlar i panikk, og at avtalen mellom Tyrkia og EU berre er eit kortsiktig forsøk på å stoppe flyktningar som søkjer vern.
npk@npk.no
Publisert: 18.03.2016 kl 18:58
– Europeiske leiarar ser ut til å handle i panikk. Avtalen er eit kortsiktig forsøk på å stanse flyktningar som søkjer vern i Europa, men tilbyr inga løysing på dei eigentlege problema, seier Europa-direktør Edouard Rodier i Flyktninghjelpen til NTB.
Rodier meiner Europas verdiar og rettane til flyktningane er trua av europeiske leiarar som ser ut til å ha gløymt Europas eigen historie.
– Før flyktningar kan sendast tilbake til eit såkalla tredjeland, må vi vite at rettane deira er beskytta. Slik det er no, er ikkje dette tilfellet i Tyrkia, understrekar han. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.