Flyktninghjelpen: Over 100.000 blir tvangsinnesperra i Colombia

Seks år etter fredsavtalen mellom regjeringa og FARC blir framleis 100.000 halde innesperra med tvang av væpna grupper i Colombia, seier Flyktninghjelpen.

– Sjå for deg at du er tvinga til å bli verande i heimen din av menn med våpen kvar einaste dag. Tvangsinnesperringane betyr at du ikkje kan jobbe, besøkje familien din eller sende barna dine på skule, seier landsdirektør for Flyktninghjelpen i Colombia, Juan Gabriel Wells, i ei pressemelding.

24. november 2022 markerer seks år sidan fredsavtalen vart signert av regjeringa i Colombia og geriljagruppa FARC, men den væpna valden i landet rammar framleis fleire millionar, ifølgje organisasjonen. Væpna grupper bruker mellom anna såkalla tvangsinnesperring som ein strategi for å kontrollere isolerte lokalsamfunn og område som blir brukte til ulovlege aktivitetar.

– Vi oppmodar styresmaktene og dei ikkje-statlege væpna gruppene om å saman finne ei varig løysing på desse inhumane restriksjonane på rørslefridommen, seier Wells.

(©NPK)

Annonse