Flyktningstraum forseinkar vandelskontroll
(NPK-NTB): Sprengt kapasitet hos politiet gjer at tryggingsbransjen må rekne med lang ventetid for vandelskontroll av vektarar. Årsaka er flyktningstraumen inn til Noreg.
– Vi har fått i oppdrag frå Politidirektoratet å prioritere søknader frå folk som skal jobbe ved mottak og liknande der det skal inn mindreårige asylsøkjarar, seier avdelingsleiar Leif Sætrum ved eininga til politiet for vandelskontroll og politiattestar, som er lokalisert til Vardø i Østfinnmark politidistrikt, til bransjemagasinet Aktuell Sikkerhet.
– Tryggingsbransjen vil onsdag be Politidirektoratet om ei forklaring på situasjonen som har oppstått.
– Lov om vaktverksemd pålegg tryggingsselskapa å kontrollere vandelen på alle vektarar før dei blir sett ut i jobb. Derfor er dette ein trussel for rekrutteringa, seier fagsjef Runar Karlsen i NHO Service.
Dagleg leiar Rolf Thorkildsen i Norsk Vektertjeneste er blant dei som blir ramma. Han karakteriserer ventetida som dramatisk sidan vaktselskapa er pålagt å få kontrollert vandelen på kandidatar før dei eventuelt blir tilsett som vektarar.
– Vi er avhengig av kjappe svar. Det er ikkje rom for å måtte vente i mange veker. Normalt får vi å få svar innan ei veke, og i enkelte tilfelle er også dette for lang tid, seier Thorkildsen. (©NPK)