Annonse

Flyplassutsala seier like tobakkspakningar ikkje påverkar salet

Sidan 1. juli har alle snus- og røykpakningar selde i Noreg sett like ut, også dei i taxfreebutikkane. Ifølgje flysmart24.no har det ikkje påverka salet.

Det var 1. juli i fjor at regjeringa bestemte at alle tobakks- og snusprodukt skal ha nøytral emballasje. Tobakksprodusentane fekk ein frist på eitt år med å få på plass ny emballasje som ikkje skal verke forlokkande. I tillegg til å forhindre at nye brukarar kjem til, hadde tiltaket også som mål å få ned salet.

Travel Retail Norway driver taxfreeutsala på dei fleste av flyplassane her i landet, og kommunikasjonssjef Haakon Dagestad seier til flysmart24.no at så langt har ingenting skjedd med salet av røyk og snus snart tre månader etter at forbodet mot farga pakningar blei innført. Han påpeiker at det har vore ei endring for kundane, derimot, der han seier mange bruke lenger tid på å finne fram til rett vare etter at fargane forsvann.

- Vi har derfor hatt ekstra bemanning for å hjelpe med å finne fram til rett produkt, seier Dagestad.

Avdelingsdirektør Jakob Linhave i avdeling for miljø- og helse i Helsedirektoratet tar ikkje salstala så tungt. Han seier hovudformålet med standardiserte pakningar er å hindre rekruttering av unge, og at det derfor er altfor tidleg å sjå resultat enno.

(©NPK)

Skruf snus har komme i ein ny meir delikat innpakning. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix