FN: 29 millionar barn vart fødde i konfliktområde i 2018

Over 29 millionar barn vart fødde i område som var i ein væpna konflikt i fjor, ifølgje FNs barnefond.

Globalt startar minst eitt av fem spedbarn livet i svært farlege og stressande miljø, mellom anna i land som Afghanistan, Somalia, Sør-Sudan, Syria og Jemen, ifølgje FNs barnefond (Unicef).

- Millionar av familiar manglar tilgang til næringsrik mat, trygt vatn, sanitærforhold eller eit trygt miljø å vekse opp i, seier generalsekretær Henrietta Fore i Unicef og held fram:

- Saman med dei umiddelbare, openberre farene, er dei langsiktige verknadene av ein slik start i livet ein potensiell katastrofe.

Langvarige og fleire traumatiske opplevingar kan påverke læringa, åtferda og fysisk og mental helse hos barn, opplyser Unicef.

(©NPK)

Eit spedbarn på eit sjukehus i Sana i Jemen. I fjor blei 29 millionar barn fødde i konfliktområde. Foto: AP / NTB scanpix