FN: Behovet for naudhjelp har eksplodert på grunn av pandemien

FN seier det trengst 35 milliardar dollar i naudhjelp neste år på grunn av koronapandemien og fleire moglege svoltkatastrofar.

Den årlege FN-rapporten «Global Humanitarian Overview» for 2021 konkluderer med at 235 millionar menneske globalt kjem til å trenge ei eller anna form for naudhjelp. Det er ein auke på heile 40 prosent frå i år.

– Auken kjem nærast utelukkande på grunn av covid-19, seier FNs naudhjelpskoordinator Mark Lowcock.

Neste år vil 1 av 33 menneske i verda trenge hjelp, viser rapporten, som påpeikar at dersom alle hadde budd i same land, hadde dette vore den femte største nasjonen i verda.

Den årlege rapporten frå FN presenterer vanlegvis eit nedslåande bilete av aukande naudhjelpsbehov på grunn av konfliktar, naturkatastrofar og klimaendringar. No åtvarar den om koronapandemien, som globalt har kosta 1,45 millionar menneske livet, og som har ramma dei som «allereie lever som på ei knivsegg», uforholdsmessig hardt.

– Biletet vi presenterer, er det dystraste og mørkaste perspektivet på humanitære behov i tida framover som vi nokon gong har vist til, seier Lowcock.

(©NPK)

Arkivfoto: Carlos Giusti / AP / NTB