Annonse

FN-domstol vil ta stilling til Karadzics anke i mars

Ein FN-domstol vil i mars ta stilling til anken frå den bosnisk-serbiske leiaren Radovan Karadzic, som er dømt til 40 års fengsel for folkemord.

Annonse

Domstolen seier avgjerda vil bli fatta 20. mars.

73-åringen er dømt for folkemord og lovbrot mot menneska under den tre år lange borgarkrigen i Bosnia frå 1992 til 1995 der 100.000 menneske vart drepne og 2,2 millionar vart heimlause.

I dommen frå mars 2016 heiter det at Karadzic var på toppen av det militære og politiske leiarskapet i republikken og sentral i utarbeidinga av det ideologiske grunnlaget for den systematiske, etniske reinskinga som føregjekk i stor skala.

Karadzic vart funnen skuldig på ti punkt, blant dei massakren i Srebrenica, der 8.000 ungdommar og menn vart likviderte og lagt i massegraver. Dommarane meinte òg at han var drivkrafta bak den 44 månader lange blokkeringa av den bosniske hovudstaden Sarajevo.

Karadzic har anka på 50 punkt i dommen og skuldar dommarane for å ha gjennomført ei politisk rettssak mot han.

(©NPK)

Radovan Karadzic. Foto: Yves Herman / AP / NTB scanpix