ANNONSE
Annonse

FN-ekspert meiner løfta til Myanmar-juntaen er absurde

Militærjuntaen i Myanmar har lova å halde eit fritt og rettvist val neste år – eit løfte som ein FN-ekspert omtaler som heilt absurd.

Tom Andrews, FNs spesialrapportør for menneskerettssituasjonen i Myanmar, åtvarar verdssamfunnet mot å falle for det han meiner er regelrett propaganda.

– Alle påstandar om at det er mogleg å halde eit fritt og rettvist val i Myanmar i 2023, er fullstendig meiningslaust. Ein kan ikkje ha eit fritt og rettvist val om ein har stengt motstandarane sine inne. Ein kan ikkje ha eit fritt og rettferdig val om ein dømmer motstandarane sine til døden. Dette er grovt krenkjande, sa Andrews på ein pressekonferanse i Malaysia torsdag.

– Propagandamaskina deira jobbar døgnet rundt, og dei brukar kvart fnugg av bevis for å få det til å sjå ut som om verdssamfunnet anerkjenner dei som legitime, seier Andrews.

– Over 2.000 drepne

Militærjuntaen tok makta i eit kupp 1. februar 2021. Sidan er titusenvis av politikarar og aktivistar fengsla. Fredelege demonstrasjonar er slått hardt ned på, og over 2.000 deltakarar og tilskodarar er drepne, ifølgje Assistance Association for Political Prisoners i Myanmar.

Andrews oppmodar Den søraustasiatiske samarbeidsorganisasjonen (ASEAN) til å trappe opp presset mot juntaen for å få han til å stanse valden og lauslate alle politiske fangar.

Flyktningbarn blir sperra inne

Andrews roste Malaysia for å ha teke imot flyktningar frå Myanmar, spesielt dei som tilhøyrer den muslimske rohingya-minoriteten. Men han uttrykte uro for behandlinga dei får.

Hundrevis av barn, blant dei offer for menneskesmugling, skal vere innesperra i lukka asylmottak. FNs høgkommissær for flyktningar har vorte nekta tilgang til desse leirane sidan 2019.

(©NPK)

FNs spesialrapportør held pressekonferanse i Kuala Lumpur torsdag. Foto: Vincent Thian / AP / NTB

ANNONSE
Annonse