Annonse

FN krev uavhengig gransking etter Mursis død

FNs menneskerettskontor krev ei uavhengig gransking av kva som førte til at Egypts ekspresident Mohamed Mursi døydde i fangenskap.

Annonse

- Alle dødsfall i fangenskap bør følgjast opp med ei umiddelbar, upartisk, grundig og transparent etterforsking gjennomført av ein uavhengig instans for å klargjere dødsårsaka, seier Rupert Colville, talsmann for FNs høgkommissær for menneskerettar.

Mursi døydde brått under eit rettsmøte måndag, nesten seks år etter at han vart styrta i eit militærkupp og arrestert. Han vart vald til president i 2012 etter massedemonstrasjonane under den arabiske våren og vart med det Egypts første sivile og demokratisk valde president.

- Det har vorte uttrykt bekymringar når det gjeld forholda som Mursi sat fanga under, mellom dei tilgangen til adekvat medisinsk hjelp, så vel som nok tilgang til advokatar og familie under dei nesten seks åra han sat fengsla, seier Colville.

Han peikar òg på at Mursi tilsynelatande sat isolert i lang tid.

Ifølgje Colville må etterforskinga omfatte alle sider ved behandlinga til styresmaktene av Mursi for å finne ut om forholda han sat fanga under innverka på dødsfallet.

Statsstyrte egyptiske medium har meldt at Mursi døydde av hjarteinfarkt.

Han vart gravlagt få timar etter at han døydde med den næraste familien til stades. Styresmaktene sa nei til ei offentleg gravferd.

(©NPK)

Ei kvinne held eit bilete av Egypts tidlegare president Mohamed Mursi før det skal haldast ei gravferdsbøn for han i Istanbul i Tyrkia. Foto: Emrah Gurel / AP / NTB scanpix