Annonse

FN: Nesten 800 døydde medan dei prøvde å nå Kanariøyane

Dei første åtte månadene i år døydde 785 migrantar og flyktningar i forsøket på å nå Kanariøyane. Det er over det dobbelte samanlikna med same periode i 2020.

Blant dei døde var 177 kvinner og 50 barn, opplyser Den internasjonale migrantorganisasjonen (IOM) fredag.

Den verste månaden var august, då 379 omkom i forsøket på å krysse havet frå nordvestkysten av Afrika til Europa.

Talet på døde frå januar til august er allereie det høgaste talet ein har sett sidan registreringa starta i 2014. I år 2020 vart det registrert 320 dødsfall blant migrantar og flyktningar som reiste frå Afrika til Kanariøyane.

Totalt har 9.386 migrantar komne sjøvegen til Spania dei første åtte månadene i år. Det er ein auke på 140 prosent samanlikna med same periode i fjor, seier IOM.

(©NPK)

Dei første åtte månadene av året omkom 785 migrantar i forsøket på å nå Kanariøyene. Arkivfoto: Javier Bauluz / AP / NTB