Annonse

FN skal granske massakre i Mali

FN vil granske massakren på minst 150 menneske i Mali i helga.

Fleire FN-representantar er allereie på veg til Mopti-regionen, der valdsbruken mellom ulike folkegrupper har eskalert dei siste åra.

Ei talskvinne for FNs menneskerettskontor seier massakren i landsbyen Ogossagou, som ligg i Mopti-regionen, hovudsakleg var retta mot fulani- eller peuhl-folket.

Småbarn, gravide og eldre var blant offera for angrepet laurdag. Overlevande skuldar ein milits med tradisjonelle jegerar frå folkegruppa dogon for å ha stått bak. Landsbyhøvdingen og barnebarnet hans skal vere blant dei drepne.

Angrepet er det dødelegaste i landet sidan 2013 då ein internasjonal militæroffensiv vart innleidd for å slå tilbake islamistiske jihadistar.

Minst 600 menneske har mista livet i valdelege angrep mellom ulike etniske grupper i Mopti-regionen det siste året.

(©NPK)

Minst 150 menneske vart drepne då denne landsbyen i Mali vart angripen laurdag. No vil FN etterforske massakren og sender eit team med ekspertar til staden. Foto: AP / NTB scanpix