FN skuldar jemenittiske opprørarar for å ta maten frå svoltramma

FNs matvareprogram (WFP) skuldar houthi-opprørarane i Jemen for å ta maten frå dei svoltnaste, og set no klare krav for å få ein slutt på dette.

FNs matvareprogram (WFP) skuldar houthi-opprørarane i Jemen for å ta maten frå dei svoltnaste, og set no klare krav for å få ein slutt på dette.

Viss ikkje avtalane blir følgde, trugar organisasjonen med å stoppa matleveransane.

WFP-direktør David Beasley orienterte måndag FNs tryggingsråd om at det har komme sterke bevis for at mat blir sendt til andre enn dei han er meinte for, både i hovudstaden Sanaa og i andre houthi-kontrollerte område.

WFP insisterte i desember på at dei som får maten, skal registrerast og gjennomgå biometrisk identifikasjon. Houthiene skal ha gått med på dette, men avtalen blir likevel ikkje respektert.

Ifølgje Beasly vil matleveransane trappast ned gradvis, truleg frå slutten av veka, viss ikkje det kjem forsikringar om at avtalen blir respektert.

(©NPK)