Annonse

FNs klimaekspertar hyllar klimastreiken til skuleelevar

FNs klimaekspertar, som måndag samla seg i Bonn, hyllar klimastreikane som skuleelevar har halde kvar fredag.

Klimaekspertane skal dei neste dagane førebu FNs klimatoppmøte, COP 25, som skal haldast i Chile i desember.

- Ungdommen sender ein klar og utvitydig bodskap om at dette er ein nødsituasjon, og eg er takknemleg for det, sa Patricia Espinosa, generalsekretær for FNs klimakonvensjon, på opningsdagen.

Samtidig oppfordra ho alle land til å auke innsatsen for å verne klimaet.

- Dette er ein kamp for liva våre. Vi treng å gjere det veldig, veldig raskt. Vi har ikkje noko tid igjen. Så det er på tide at alle menneske opnar auga sine, sa Espinosa.

I alt 3.000 klimaekspertar deltar på den ti dagar lange konferansen.

Tysklands miljøvernminister Svenja Schulze skrytte òg av «Fridays for Future»-rørsla til elevane, som svenske Greta Thunberg tok initiativ til.

- Eg synest det er verkeleg flott når det ein rekna med var ein upolitisk generasjon, opnar munnen og går ut i gatene, seier Schulze.

Ifølgje Espinosa er innsatsen som landa i verda har lova så langt, ikkje nok til å hindre ei global oppvarming på 3 grader, noko ho meiner vil føre til kamp om vatn og stigande havnivå.

Ekspertkonferansen i Bonn blir halden etter klimakonferansen i Polen i fjor, der deltakarane vart samde om korleis Parisavtalen frå 2015 skal kunne gjennomførast og blir finansierte.

Målet til Parisavtalen er å avgrense den globale oppvarminga til 1,5 grader.

(©NPK)

Greta Thunberg har stått i spissen for skulesteikane kvar fredag. Klimaekspertar meiner demonstrasjonane til elevane har ein viktig effekt. Foto: Ronald Zak / AP / NTB scanpix