Annonse

Folk blir åtvara mot å ete åbor frå Tyrifjorden

Undersøkingar av sjøbotnen i Tyrifjorden viser urovekkjande høge nivå av miljøgifter, og Miljødirektoratet åtvarar folk mot å ete åbor frå innsjøen.

Dei nye undersøkingane har avdekt høge nivå av perfluorerte stoff (PFAS) i sjøbotnen fleire stader, opplyser Miljødirektoratet.

Mattilsynet, som har vorte bedt om ei vurdering, åtvarar folk mot å ete åbor frå Tyrifjorden, Randselva og Storelva, og gjedde frå Randselva.

- Det er urovekkjande at denne gruppa miljøgifter er funne på så mange stader i Tyrifjorden og med uakseptabelt høge nivå i enkelte fiskeartar. I tillegg til å ha negative effektar på menneske, kan PFAS òg skade miljøet og økosystema. Desse miljøgiftene blir ikkje brotne ned i miljøet og hopar seg opp i levande organismar og i næringskjeda, seier direktør Ellen Hambro i Miljødirektoratet.

Prøvene vart tatt i 2018 og stadfestar tidlegare funn, men viser eit større omfang av forureininga.

PFAS-ar blir mellom anna brukte i impregneringsmiddel og brannskum, og blant desse stoffa er PFOS og PFOA. Får ein i seg PFOS over tolegrensa, aukar det risikoen for auka kolesterolnivå, påverknad av leverfunksjonen, redusert effekt av vaksinar hos barn og redusert fødselsvekt.

Tyrifjorden ligg i kommunane Ringerike, Hole, Lier og Modum i Buskerud fylke og er den femte største innsjøen i Noreg.

(©NPK)