Foodora-streiken blir trappa opp

Ytterlegare 40 sykkelbod som jobbar for matleveringstenesta Foodora, blir tatt ut i streik.

Nesten alle desse har meldt seg inn i Fellesforbundet etter at streiken starta tysdag, opplyser forbundet. Frå 6. september vil totalt 142 sykkelbod vere i streik dersom ikkje konflikten blir løyst.

Fellesforbundet varsla Riksmeklaren om opptrappinga torsdag.

- Dei tilsette i Foodora har ei grunnlønn på 120 kroner i timen. Vi ønsker å løfte denne med 8 kroner og samtidig sikre litt økonomisk støtte til sykkel og ekstrautstyr dei tre tøffaste vintermånadene, seier leiaren i Fellesforbundet Jørn Eggum.

Han hevdar dei får mykje støtte for streiken.

Fellesforbundet krev at medlemmene deira får tariffavtale.

Foodora-sjef Carl Tengberg meiner krava frå Fellesforbundet vil gjere det umogleg å halde fram drifta med fast tilsette bod.

(©NPK)

Syklistar i matleveringstenesta Foodora streikar etter at selskapet og Fellesforbundet ikkje klarte å bli einige om ein tariffavtale. 6. september vert streiken trappa opp. Foto: Ole Berg-Rusten / NTB scanpix