Forbrukartilsynet krev merking av raske elsparkesyklar

Elektriske sparkesyklar som kan komme opp i over 20 kilometer i timen, er ikkje lovleg å bruke på offentlege vegar. No krev Forbrukartilsynet merking.

- Vi har merka oss at fleire forhandlarar ikkje opplyser om denne viktige avgrensinga, seier Jo Gjedrem, avdelingsdirektør for transport i Forbrukartilsynet.

Han meiner at forhandlarar som lèt vere å informere om dette, gjer eit brot på marknadsføringslova sidan det er å vurdere som villeiande marknadsføring.

Derfor får 26 forhandlarar av slike syklar no eit brev frå Forbrukartilsynet der dei blir bedne om å presisere i kva grad sykkelen kan bli brukt på offentleg veg eller ikkje, og dessutan å sørge for at forbrukarane får all nødvendig informasjon om andre bruksavgrensingar på syklane.

Gjedrem varslar òg at tilsynet vil følgje opp med kontroll ute hos forhandlarane.

(©NPK)

Det er ulovleg å bruke elektriske sparkesyklar som kan gå fortare enn 20 kilometer i timen, på offentlege vegar. Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix