Annonse

Forbrukartilsynet: Norske mediehus må endre marknadsføring

Norske aviser og mediehus må endre marknadsføringa og avtalevilkåra for digitale avisabonnement, ifølgje Forbrukartilsynet.

Undersøkingane til tilsynet viser at alle avisene har ein praksis som ikkje er i samsvar med marknadsføringslova og angrerettlova. Totalt har 13 aviser og mediehus vorte undersøkte.

Forbrukartilsynet har merka seg at mange av avisene opererer med kampanjetilbod, der det ofte ikkje blir gitt nokon informasjon om pris og vilkår etter at prøveperioden er slutt.

- Det kjem fram i fleire av klagene vi har fått frå forbrukarar, at dei ikkje får god nok informasjon om kva abonnementet kostar og at dette blir fornya automatisk etter at kampanjeperioden er over, seier direktør Elisabeth Lier Haugseth i Forbrukartilsynet.

Tilsynet har òg gått gjennom avtalevilkåra til avisene, og funne fleire vilkår som kan vere urimelege. Dette gjeld mellom anna manglande varsling om automatisk fornying av abonnementa og trekk frå betalingskort.

(©NPK)