Annonse

Forbrukartilsynet reagerer på kampanjar som skaper kroppspress

To næringsdrivande får brev frå Forbrukartilsynet etter at dei har undersøkt om marknadsføringa deira i sosiale medium kan bidra til å skape kroppspress.

Totalt 18 næringsdrivande vart sjekka i tilsynsaksjonen, skriv Forbrukartilsynet.

Den eine aktøren som får brev, sel kosttilskot med påstått slankande effekt gjennom påverkarar.

– Brevet informerer selskapet om at denne typen produkt er ueigna å marknadsføre gjennom påverkarar med mindreårige følgjarar, skriv tilsynet.

Brevet, som fem påverkarar får kopi av, informerer òg om forbodet mot skjult reklame.

Den andre aktøren er ein klinikk som mellom anna tilbyr ansiktsbehandlingar og injeksjonsbehandlingar. Dei får eit orienteringsbrev med rettleiing om regelverket.

Forbrukartilsynet har dei siste åra prioritert marknadsføring av skjønnheitsbehandlingar og -produkt. Dei lanserte i fjor ei rettleiing for å gjere informasjonen om regelverket meir tilgjengeleg.

– Inntrykket vårt etter aksjonen er at både klinikkar og påverkarar er meir klar over regelverket og samarbeida dei inngår. Jamlege tilsyn og rettleiing viser seg dermed å ha god effekt, seier direktør Trond Rønningen.

(©NPK)