Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Eit foreldrepar frå Ski er sikta for grov kroppsskade mot den fem månader gamle babyen sin. Dei to er gripne og vil bli framstilte for fengsling måndag.
npk@npk.no
Publisert: 30.05.2016 kl 11:42
Etterforskinga vart igangsett etter at Ullevål sjukehus sist fredag varsla politiet om skadar på barnet.
– Etterforskinga er i ein tidleg fase, og politiet ønskjer ikkje å gå nærare inn på detaljar om skadane. Den siste informasjonen vi har fått frå sjukehuset tilseier at tilstanden til barnet er stabil, seier politiadvokat Liv Heidi Bjerkmo i ei pressemelding.
Foreldra til barnet er i 30-åra og busette i Ski kommune i Follo. Dei er sikta etter straffelovas § 273 – grov kroppsskade. Foreldra vil bli framstilt for varetektsfengsling i Follo tingrett i måndag. (©NPK)