Annonse

Forsiktig oppgang på Oslo Børs

(NPK-NTB): Trass fallande oljepris steig Oslo Børs onsdag. Ved handelsslutt var hovudindeksen opp 0,36 prosent til 619,49 poeng.

DNB-aksjen heldt onsdag fram å falle og enda ned 1,12 prosent. DNB fall tysdag heile 7,6 prosent etter at banken la fram skuffande kvartalstal.

Statoil, Norsk Hydro og Marine Harvest steig onsdag høvesvis 0,20 prosent, 2,20 prosent og 1,18 prosent, medan Telenor fall 0,42 prosent.

Blant resten av dei ti mest omsette aksjane steig Subsea 7 og Storebrand høvesvis 2,67 prosent og 2,56 prosent, medan Yara og Norwegian fall høvesvis 0,07 og 0,26 prosent.

Aker Solutions blei den store vinnaren med ein oppgang på 6,27 prosent. Selskapet la onsdag morgon fram eit resultat for det andre kvartalet i år som var svakare enn same periode i fjor, men likevel betre enn venta.

Nordsjøolje blir omsett onsdag ettermiddag for 46,45 dollar fatet, godt over 1 dollar lågare enn då børsen opna onsdag.

I Paris var CAC 40-indeksen i ettermiddagstimane opp 0,4 prosent, medan DAX 30 i Frankfurt var opp 1,24 prosent. FTSE 100-indeksen i London var i ettermiddagstimane opp 0,45 prosent. (©NPK) (©NPK)

Annonse