Forskar: Assad har skjønt at Vesten helst vil ha stabiliteten hans

Dei vestlege landa strevar med å sjå alternativ til Assad-regimet i Syria, meiner forskar. Rakettangrepa i helga har neppe svekt makta til presidenten.

I den syriske hovudstaden Damaskus feira folk måndag måten president Bashar al-Assad har handtert rakettangrepet på.

På statleg TV vart det vist bilete av fleire hundre menneske som vifta med flagg og sende opp fyrverkeri. Feiringa var meint som ein hyllest til motstanden Bashar al-Assad hadde vist mot USA, Storbritannia og Frankrike, som natt til laurdag angreip syriske militæranlegg.

Forskar Kjetil Selvik ved Norsk utanrikspolitisk institutt (Nupi) trur ikkje angrepet verken har styrkt eller svekt Assads grep om makta.

- Han kan bruke det i propagandaen sin, men det endrar ikkje noko grunnleggjande i konflikten, seier han til NTB.

Trusselen frå IS

Ifølgje Selvik sit Assad med eit inntrykk av at vestlege land er villige til å godta regimet hans - sjølv om det ofte blir sterkt kritisert.

Ein av grunnane er trusselen frå den ytterleggåande islamistgruppa IS, som tidlegare kontrollerte store delar av Syria.

- Assad har for lengst skjønt at Vesten heller vil ha stabiliteten hans enn IS og flyktningstraumar mot Europa, seier Selvik.

Nupi-forskaren understrekar at det er delte meiningar om saka både mellom og internt i dei vestlege landa. På sikt ønskjer dei seg framleis ein løysing der Assad mister makta.

- Men i praksis har dei vanskar med å sjå kva som er alternativet.

- Vil ikkje velte regimet

Ideelt sett kunne mange vestlege land ønskje seg ein politisk prosess der Assad-regimet går i reelle forhandlingar med den syriske opposisjonen. Ein slik prosess kunne etter kvart gitt landet ein ny leiar.

- Men når Russland motset seg dette, er ein ikkje villig til å gå inn og velte regimet, seier Selvik.

Rakettangrepa i helga var eit svar på den antatte bruken av kjemiske våpen i den syriske byen Douma. Både Storbritannia og Frankrike har gjort det klart at dei ikkje har gått til krig mot Assad eller prøvd å styrte han.

- Det er veldig viktig å understreke at dette ikkje var noko forsøk på å endre utviklinga i krigen i Syria for å få til eit regimeskifte eller for å bli kvitt Bashar al-Assad, sa den britiske utanriksministeren, Boris Johnson, måndag.

Han har erkjent at konsekvensen truleg blir at Syria-krigen «kjem til å gå sin gang».

- Overtalte Trump

USAs president Donald Trump ønskte seg eigentleg eit meir omfattande angrep på Syria, ifølgje avisa Wall Street Journal.

Forsvarsminister Jim Mattis skal ha overtydd han om å nøye seg med eit meir avgrensa angrep på syriske anlegg der det skal ha vore utvikla kjemiske våpen.

Mattis minte om faren for motangrep frå Iran og Russland, som er alliert med Assad. I forkant av rakettangrepet ymta russiske styresmakter frampå om at militæraksjonen kunne føre til krig mellom Russland og USA - noko som i ytste konsekvens kunne ha løyst ut ein tredje verdskrig.

Selvik trur òg at dei vestlege landa var urolege for konsekvensane eit større angrep kunne fått i Syria.

- Det kunne ha destabilisert dei områda av landet som i dag er stabile, seier han.

(©NPK)

Eit bilde av Syrias president Bashar al-Assad under ein demonstrasjon utanfor den syriske ambassaden i Beograd søndag. Foto: AP/NTB scanpix

President Donald Trump, her framfor eit portrett av forgjengaren George Washington, skal ha late seg overtale til å nøye seg med eit avgrensa angrep på Syria. Foto: AP/NTB scanpix

Den britiske utanriksministeren, Boris Johnson, har erkjent at krigen i Syria kjem til å «gå sin gang» etter det avgrensa vestlege rakettangrepet på syriske militæranlegg. Foto: AP/NTB scanpix

Fleire hundre menneske deltok i ei feiring av Assad og Syrias militærstyrkar i Damaskus måndag. Forskar Kjetil Selvik trur Assad bruker rakettangrepet mot dei syriske militæranlegga i propagandaen sin. Foto: SANA / AP / NTB scanpix

Personvern og datalagring

Lagring og logging av data

Ved å besøke dette nettstedet lagres noen tekniske data om din internettforbindelse og nettleser. Disse data kan kategoriseres som følger:

Informasjonskapsler

Dette nettstedet bruker cookies/"informasjonskapsler" for å forbedre funksjonalitet og brukeropplevelse.

Vis mer

Teknisk info

Når du besøker et nettsted vil webserveren logge noe teknisk info som din IP-adresse, hvilken nettleser du bruker og tidspunktet for hver gang du forespør data fra serveren, altså når du klikker på en intern lenke og laster en ny nettside eller tilhørende data som skrifttyper, bilder, ulike script som kreves for at nettsiden skal fungere.

Disse dataene spares bare en viss tidsperiode for å kunne utføre feilsøking og feilretting i systemene, og deles aldri med avisens ansatte eller tredjepart.

Brukerinformasjon

Vi lagrer noe informasjon om deg som bruker. På dette nettstedet lagres ingen sensitiv informasjon, men enkel kontaktinformasjon som du gir fra deg når du oppretter en brukeronto eller kjøper tjenester i nettavisen vil lagres i våre databaser. Dette er nødvendig for å kunne levere tjenestene til deg. Disse dataene slettes når du sletter din brukerkonto.

Hvem lagrer vi data om?

Vanlige besøkende/lesere:

Hvis du besøker dette nettstedet uten å ha registrert en brukerkonto eller abonnement, lagres følgende data om deg:

Vis mer

Innloggede brukere og abonnenter:

Hvis du velger å opprette en brukerkonto og/eller abonnement på nettavisen, vil også følgende informasjon lagres om deg:

Vis mer

NB: Etter at data er slettet vil de likevel kunne spares i inntil 180 dager i backuper. Backuper lagres med høy sikkerhet og begrenset tilgang, og er nødvendig for å kunne drive feilsøking og ivareta brukerenes og datasystemenet sikkerhet.

Dine rettigheter:

Som bruker av dette nettstedet kan du kontakte avisen for å få dine data utlevert og/eller slettet.

Har du en brukerkonto/abonnement, kan du logge inn i din brukerprofil og laste ned dine lagrede data, samt slette din brukerkonto og tilhørende data når som helst.

Vis mer


Hvis du trykker AVVIS vil ingen informasjonskapsler lagres i din nettleser og ingen data om deg logges i våre databaser. Det betyr også at vi ikke kan vite om du har godkjent eller ikke, slik at du vil se denne advarselen på hver side du besøker. Teknisk informasjon (webserverlogger) vil likevel lagre din IP-adresse og nettleserinformasjon, men dise slettes fortløpende som beskrevet ovenfor.

Vi tar ditt personvern på alvor

Ved å besøke dette nettstedet vil noen data bli lagret. Dette er informasjon som er nødvendig for å kunne tilby tjenesten til deg.

Vi lagrer så lite data vi kan, så kort tid som mulig.

Noe gikk galt! Vennligst forsøk på nytt.

Mer informasjon

Siden lastes nå på nytt...