Annonse

Forskar: Mjølkekutt kunne vore unngått

Lågare pris på mjølk til ost, kunne berga mjølkekvotane som no blir kutta, meiner landbruksforskar Ivar Pettersen. Over 500 gardar kan ryke.

Annonse

Kuttet i mjølkeproduksjonen kan føre til mellom 400 og 500 bruk i Noreg må avslutte drifta, fleire dersom det er smågardane som gir seg først, anslår seniorrådgivaren ved Norsk institutt for bioøkonomi (NIBIO).

- Det finst andre løysingar, men det manglar klare politiske signal for å sjå på dei, meiner Pettersen.

Onsdag vart det klart at Norges Bondelag og Landbruksdepartementet er samde om ein avtale for å redusere produksjonen av mjølk med 100 millionar liter. Årsaka er eit snart fire år gammalt vedtak i Stortinget om å fase ut eksportstøtta for ost, ei støtte Verdshandelsorganisasjonen (WTO) ikkje lenger vil tillate frå 2021.

Det går spesielt ut over Tines merkevare Jarlsbergost. Selskapet har vedtatt å flytte osteproduksjonen for utanlandsmarknaden til Irland og bruke europeisk mjølk.

- Vi kunne hatt ein vesentleg lågare pris på mjølk til ost enn mjølk til drikke. Då kunne kostnadene for Tine gått ned, og det kunne framleis vore lønnsamt å halde oppe produksjonen av Jarlsberg for eksport, meiner Pettersen.

- Den viktigaste refleksjonen min er at ein er komme så veldig seint i gang med å tenke på løysingar, legg han til.

Kunne auka produksjonen

Lågare råvarepris til meieria ville føre til auka osteproduksjon og at det vart brukt endå meir norsk ost i ferdigrettar som pizza og gratengar, meiner han. Dermed aukar marknaden for mjølk. Dersom avgifta på drikkemjølk samtidig vart auka, meiner Pettersen at bøndene ikkje ville tape så mykje.

- Det blir ikkje riktig å gi Tine skulda for mjølkekuttet. Når politikarane ikkje gir eit signal om at dei er villig til å sjå på ei slik omlegginga, blir det vanskeleg for Tine å halde fram som før, meiner han.

- Det vil gi overskotsmjølk og prisen ville rase. Då blir Tine sitjande med ansvaret, seier Pettersen.

Tine-konkurrentar vil ha meir

Tine-konkurrentane Synnøve Finden og det økologiske Rørosmeieriet, som leverer til Coop butikkar, har sagt at dei kan ta imot meir mjølk i dag.

Pettersen meiner det kan bidra til å auke marknaden for mjølk, men legg til:

- I ein mellomperiode kan det bli ein kamp om marknadsdelar som Tine ikkje tener på.

Han påpeikar at Tine har eit særleg ansvar for å regulere marknaden, og at det i så fall måtte større politiske tiltak til for å legge til rette for at dei andre skulle fått meir av mjølka.

(©NPK)

Landbruks- og matminister Olaug Bollestad helsar på ein kalv på kongsgarden på Bygdøy i Oslo. Mjølkeproduksjonen i Noreg skal kuttast med 100 millionar liter, noko som svarar til produksjonen ved 4-500 gjennomsnittsbruk. Foto: Vidar Ruud / NTB scanpix