Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
Artikkelen fortsetter etter annonsen.
(NPK-NTB): Ei gruppe forskarar frå Høgskolen i Østfold (HiØ) har observert lysfenomen i Hessdalen kvar natt den siste tida. Dei meiner ein må sjå ned for å forklare observasjonane.
npk@npk.no
Publisert: 16.09.2016 kl 08:59
– Første natta, før vi hadde fått sett opp instrumenta, såg vi eit stillståande fenomen rett over åsen der borte, seier Christer Olofsson, basesjef for forskarane frå HiØ, til NRK.
Lysfenomena blir skildra både som lysballar i skiftande fargar og lyskuler som fyk over himmelen. Observasjonane stadfestar opplysningane frå folk i den vesle bygda i Sør-Trøndelag, ikkje langt frå Røros, som har opplevd å bli latterleggjorde og mistrudde når dei har fortalt kva dei har sett.
Forskingssjefen ved HiØ, Bjørn Gitle Hauge, har også sett lysfenomena og meiner dei kjem av ein eller anna energilagringsmekanisme som ikkje er kartlagt enno.
– Dette er eit mineralrikt område, og det er mogleg at mineral i bakken her opptrer nærmast som ein elektrisk krets, og at lysfenomena oppstår når spesielle vilkår er oppfylte. Omtrent som når du fyller vatn på eit ubrukt batteri, forklarer han.
Franske og greske geofysikarar er også i Hessdalen no, og Hauge ventar seg mykje av samarbeidet med dei.
– Eg trur vi må sjå ned for å finne forklaringa på lysfenomena i Hessdalen. Så langt har det vore altfor mykje snakk om stjernehimmelen, meiner han. (©NPK)