Annonse

Forslag om fedrekvoteutviding møtt med protest

Regjeringa varslar at fedrekvoten blir utvida frå 15 til 19 veker for dei som vel å få utbetalt 80 prosent løn. Det reagerer Jordmorforbundet på.

Annonse

- Fedrekvoten er viktig og rett, men no skjer det på kostnad av helsa til barnet og mor. Det vil til sjuande og sist ramma både mor, far og barnet. Fedrekvoten er for lang med dette forslaget, seier leiar Hanne Charlotte Schjelderup i Jordmorforbundet til ANB.

Fedrekvoten blei i sommar utvida til 15 veker som eit ledd i ei tredeling av foreldrepermisjonen. For nybakte foreldre som vel å forlengja permisjonen og få utbetalt 80 prosent løn, blir foreldrepengeperioden fordelt med 15 veker til mor, 15 veker til far og 26 veker til fri fordeling. Men i det nye forslaget frå regjeringa blir det føreslege å utvida kvotane til mor og far til 19 veker og ha 18 veker til fellesperioden.

- Vi vil åtvara mot å redusera moglegheita til mor for permisjon etter fødsel. Det regjeringa føreslår no reverserer likestillinga for kvinner, meiner Schjelderup.

Skal fedrekvoten forlengjast, må det ikkje skje på kostnad av moglegheita mor har til permisjon, meiner forbundet, som i staden rår til at foreldre får éin månad permisjon saman rett etter fødselen i samband med ein auka fedrekvote.

- Det er då mor har behov for mest støtte. Det vil styrkja samarbeidet i heimen og leggja til rette for sunn arbeidsdeling og ei trygg og sterk tilknyting med barnet for begge foreldra, ifølgje Schjelderup.

Forslaget frå Barne- og likestillingsdepartementet er no til behandling i familie- og kulturkomiteen på Stortinget. Tage Pettersen frå Høgre seier at målet med endringa er at ordninga med tredeling av foreldrepengeperioden frå i sommar med full løn også skal gjelda ved 80 prosent uttak.

(©NPK)

Illustrasjonsfoto: Lise Åserud / NTB scanpix