Første hinderet passert for tre moglege nye EU-kommissærar

Dei tre nyaste kandidatane til EU-kommisjonen kom seg heilskinna gjennom habilitetsvurderinga tysdag. No står utspørjinga i fagkomiteane i EU-parlamentet att.

Den juridiske komiteen i parlamentet har vurdert om dei tre kandidatane har økonomiske bindingar som er til hinder for vervet som EU-kommissær.

Det neste steget i prosessen for Thierry Breton (Frankrike), Oliver Várhelyi (Ungarn) og Adina Valean (Romania) er komitéhøyringane, som ventar seinare i veka. Kvar kandidat skal grillast i tre timar av den eller dei komiteane som dekkjer det same fagfeltet som dei sjølve skal ha ansvar for i kommisjonen.

Resten av medlemmene av den nye kommisjonen har allereie vore gjennom sine høyringar. Dei tre som står att, vart utnemnde etter at dei opphavlege kandidatane i dei tre landa vart avviste av parlamentet tidlegare i haust.

Den nye kommisjonen skulle opphavleg tiltre 1. november, men ekstrarunden med dei tre kandidatane har forseinka prosessen med ein månad. Før Ursula von der Leyen og mannskapet hennar kan ta over etter avtroppande president Jean-Claude Juncker, må heile kommisjonen under eitt godkjennast av parlamentet.

(©NPK)

Før Ursula von der Leyen kan overta som president for EU-kommisjonen, må alle kommissærane godkjennast av parlamentets komitear. Deretter stemmer parlamentet over kommisjonen i sin heilskap. Foto: Ludovic Marin / AP / NTB scanpix