Førstemålvakta på Mjøndalen stengd ute i to kampar

Mjøndalen-målvakt Sosha Makani mistar dei to neste kampane i Eliteserien. Det er straffa for framferda og det raude kortet iranaren fekk denne veka.

Dermed må Mjøndalen greie seg utan førstemålvakta i ein periode klubben kjempar hardt for å unngå nedrykk.

Makani vart utvist då han i det 79. minuttet stoppa Haugesund-spissen Ibrahima Wadji. Dommaren meinte han øydela ein openberr målsjanse for FKH-spelaren.

På vegen ut av banen gav Makani Haugesund-kaptein Benjamin Tiedemann Hansen ein dytt slik at han fall over ende. Målvakta brukte knyttnevane i situasjonen.

Disiplinærutvalet i Norges Fotballforbund har lagt vekt på åtferda til Makani i straffeutmålinga. Han får karantene i éin kamp for det raude kortet og ein ekstra for det han gjorde i etterkant.

Mjøndalen ligg nest sist i Eliteserien og er tre poeng bak Strømsgodset på kvalifiseringsplass. Dei to neste kampane er mot Start (h) og Rosenborg (b).

(©NPK)

Mjøndalen-målvakt Sosha Makani får raudt kort av dommar Kai Erik Steen under kampen mot Haugesund. Foto: Jan Kåre Ness / NTB