Forsvararen til sikta russar seier han har ei god forklaring

Forsvararen til russaren som er sikta for ulovleg etterretning etter seminar på Stortinget, seier klienten har ei forklaring som vil vise at han er uskuldig.

Den norske forsvararen til mannen, advokat Hege Aakre, seier til NTB at klienten stiller seg uforståande til siktinga, og at det heile kjem av ei misforståing.

Den 51 år gamle mannen hadde vore deltakar på eit internasjonalt seminar om digitalisering på Stortinget då han fredag kveld vart arrestert på Oslo lufthamn Gardermoen.

- Han har vore på jobbseminar og ikkje noko anna enn det. Eg kan seie at jobben hans er relevant for den konferansen han var på i Oslo, seier Aakre til VG.

Har ei forklaring

Stortingsdirektør Marianne Andreassen opplyste søndag til NTB at det vart registrert mistenkjeleg åtferd frå ein av deltakarane og på det grunnlaget vart Politiets tryggingsteneste (PST) varsla. Men Aakre etterlyser konkrete bevis.

- Dei har gjort observasjonar som dei meiner er mistenkjelege, men utover det er det ingen konkrete bevis på at han har samla inn informasjon. Dei har vore på vakt og melder inn det som er mistenkjeleg, men han har gode forklaringar på kva som skal ha skjedd, seier Aakre til VG.

Advokaten seier at 51-åringen har forklart seg og at han vil la seg avhøyre vidare av PST.

- Det er ei forklaring, som dersom den stemmer, betyr at han ikkje har gjort noko straffbart, fortset Aakre.

- Absurd

51-åringen vart laurdag varetektsfengsla i to veker med brev- og besøkskontroll, sikta for brot på paragraf 121 i straffelova om etterretningsverksemd mot statshemmelegheiter. Fengslinga er grunngjeven med fare for bevisøydelegging og unndragingsfare.

Ola Kaldager, etterretningsekspert og tidlegare leiar for avdeling E14 i E-tenesta, seier han antar at norske styresmakter har solid grunnlag når dei vel å varetektsfengsle ein russisk statsborgar i to veker.

Russlands norske ambassade kallar fengslinga «konstruert» og «absurd».

(©NPK)

Ein russisk statsborgar er varetektsfengsla, sikta for ulovleg etterretningsverksemd etter eit seminar på Stortinget. Illustrasjonsfoto: Vidar Ruud / NTB scanpix