Forsvaret har betalt 110 millionar kroner til heimevernssoldatar

Feriepengar som utgjer 110 millionar kroner, vart betalt ut til ramma personell i Heimevernet 12. januar, stadfestar forsvarsminister Frank Bakke-Jensen (H).

I eit svar til stortingsrepresentant og Raudt-leiar Bjørnar Moxnes stadfestar Bakke-Jensen at det er funne ei endeleg løysing på saka og at feriepengane no er betalte.

Feriepengane strekkjer seg heilt tilbake til 2005 og gjeld 7.900 HV-soldatar.

To søksmål

Bakke-Jensen omtaler i svaret sitt til Moxnes to tilfelle: Eitt søksmål som staten har tapt, og eit søksmål som framleis går føre seg. Dei to personane i søksmålet blir omtalt som personar som har fronta feriepengesaka.

– Eg har stor forståing for at saka knytt til feriepengar har vore ei belastning for dei involverte, seier forsvarsministeren.

Moxnes spør òg om det er riktig at soldatar skal tvingast til å dekkje sakskostnader for å ha stilt legitime spørsmål. I saka der staten tapte, er sakskostnader dekte, medan det i den andre saka ikkje er avgjort enno.

Graverande saker

Torsdag peikte Aleksander Gudmundseth, hovudtillitsvald for HVs innsatsstyrkar, på graverande feil ved feriepengeutbetalinga til HV-soldatar.

– Så langt har eg fått beskjed om 30 graverande saker, sa han til Nationen.

Den tillitsvalde meiner det er skjedd reknefeil og at Forsvaret må gjere reknestykka om igjen.

Forsvaret sa torsdag at dei berre hadde fått éin førespurnad.

Snudde

Bakgrunnen i saka er at regjeringa først betalte ut feriepengar til personell i Heimevernets innsatsstyrkar for tre år tilbake i tid sidan eldre krav vart sett på som forelda.

Ein samla stortingsopposisjon gjekk i fjor haust ut med ei oppmoding om at soldatane skulle få feriepengar for alle åra dei har gjort teneste, uavhengig av om pengekrava er forelda. Dette etter forslag frå Raudt etter at Stortinget tidlegare hadde sagt nei til same forslaget i juni. I september hadde likevel Ap snudd i saka, og det vart fleirtal.

(©NPK)

Fleire tusen HV-soldatar har i desse dagar fått betalt ut feriepengar frå heilt tilbake til 2005. Totalt er det snakk om 110 millionar kroner. Arkivfoto: Heimevernet / NTB