Forsvaret skånar nedleggingstrua verkstadar

Forsvarets verkstadar for handvåpen og lastebilar i Bardufoss og Elverum blir likevel ikkje nedlagde. Dermed kan 60 tilsette puste ut før julefeiringa.

Verkstadane i Bardufoss og på Elverum skal ikkje leggast ned eller flyttast, i alle fall ikkje no. Det vart klart torsdag i møtet mellom Forsvarssjefen og organisasjonane, skriv Fri Fagbevegelse.

- Dei tilsette vart redda av gongongen i denne runden, men vi skal gå fleire rundar. Vi har ikkje senka guarden, seier Tom-Rune Klemetsen, leiar i Norsk Tjenestemannslag Forsvaret, til avisa.

Dei to verkstadane i Hæren blir no overførde til Forsvarets logistikkorganisasjon (FLO) som samla skal spare 75 millionar for alle verkstadane sine.

Salet av verkstaden AIM Norway for helikopter og fly til Kongsberg Gruppen er ikkje ein del av denne avgjerda. AIM er eigd og vart selt av Forsvarsdepartementet.

(©NPK)

Sjefen for hæren Odin Johannessen får ros av dei tillitsvalde for å ha skjerma verkstadane på Elverum og Bardufoss.
Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix