Klargjør siden...

Forsvarsministeren etter russisk Nato-reaksjon: Noreg og Nato følgjer russisk aktivitet i nord tett

Forsvarsminister Bjørn Arild Gram (Sp) seier at det ikkje er overraskande at Russland varslar styrkte militært nærvær i Nordvest når Finland går inn i Nato.

Den russiske reaksjonen kom etter at det vart klart at Finland tysdag blir Nato-medlem.

– Finsk og svensk medlemskap i Nato styrkjer norsk og alliert tryggleik. Dette er ikkje overraskande signal frå Russland. Men det er ingen grunn til at dei skal kjenne seg trua av finsk medlemskap. Nato er ein defensiv forsvarsallianse og det veit Russland godt, seier forsvarsministeren.

– Noreg og Nato følgjer russisk aktivitet i nord tett. Det er samtidig viktig å hugse på at både finsk og svensk søknad om Nato-medlemskap er eit resultat av Russlands angrepskrig mot Ukraina. Russlands handlingar er eit klart brot på folkeretten og er ein alvorleg trussel mot fred og tryggleik i Europa.

Viseutanriksminister Aleksandr Grusjko i Russland sa måndag at landet vil styrkje det militære nærværet i vest og nordvest – altså mot grensa til Finland og Noreg.

– Dersom styrkar og ressursar frå andre Nato-land blir utplasserte i Finland, vil vi gå til ytterlegare steg for å sikre Russlands militære tryggleik, seier Grusjko til Ria.

(©NPK)

Annonse