Forsvarssjefen: – Nedskytinga av det ukrainske flyet tyder på at Iran var klar for krig

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen meiner at det ikkje var langt unna at det vart krig då Iran skaut missil mot to koalisjonsbasar etter Soleimani-drapet.

I ein tale på Oslo Militære Samfund måndag kveld uttrykte forsvarssjefen uro over utviklinga fleire stader i verda.

Blant temaa som fekk merksemd, var USAs drap på Qasem Soleimani 3. januar og Irans tilsvar i form av missilangrep på koalisjonsbasane i Ain al-Assad og ved Arbil natt til 7. januar.

Angrepa vart varsla på førehand, noko som gjorde at dei 70 norske soldatane og resten av koalisjonssoldatane kunne berge seg unna.

– Mange allierte soldatar ville vorte drepne

– Irans svar med ballistiske missil mot to koallisjonsleirar er ei betydeleg heving av spenninga i regionen, sa Bruun-Hanssen i talen.

– Dersom Iran stod for det initiale varselet om angrepet, kan det tolkast som ein avmålt og kontrollert respons på drapet av Soleimani. Utan varselet er det ingen tvil om at mange allierte soldatar ville vorte drepne, og situasjonen kunne fort eskalert til krig. Nedskytinga av det ukrainske passasjerflyet i Teheran kan tyde på at det var nokon i Iran som var førebudde på nettopp det, sa forsvarssjefen.

Uroa over Russland

Bruun-Hanssen uttrykte òg uro for det russiske nærværet utanfor kysten av Noreg.

Her viste forsvarssjefen til at det det siste året har vore fleire russiske marineøvingar utanfor norskekysten, i tillegg til at Russland har sendt ubåtar ut i Atlanterhavet.

– Desse ubåtane er ein direkte og alvorleg trussel for norsk og alliert tryggleik, og kan true amerikanske forsterkingar til Europa. Aktivitetsmønsteret og utplasseringa av langtrekkande missil på nesten alle våpenplattformer, gjer at varslingstida for eit eventuelt angrep er særs kort, sa han.

(©NPK)

Forsvarssjef Haakon Bruun-Hanssen heldt tale i Oslo Militære Samfund måndag kveld. Bildet er frå ein tale i januar i fjor. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix