Fossesholm droppar høgdeopphald: – Var litt «hissig på grauten»

Langrennsløpar Helene Marie Fossesholm (20) blir ikkje med på høgdeopphald i Italia. Ho vel ei oppkøyring ho meiner er tryggare.

Langrennsjentene dreg til Italia i slutten av veka.

– Eg var litt «hissig på grauten» på høgdesamlinga i august og september, seier ho i ei pressemelding.

Ho pådrog seg ei forkjøling i italienske Lavaze.

– Sjølv om eg er tilbake i full aktivitet, prioriterer eg i samråd med trenarteamet ei sesongoppkøyring eg er vand til og følar er tryggast, seier ho.

– Helene er friskmeld og lærte mykje av høgdesamlinga i Livigno og Lavaze, seier trenar Ole Morten Iversen, som legg til at han har mest tru på ei normal sesongoppkøyring for henne.

I september pådrog ho seg ein sår hals og måtte mellom anna stå over samlinga på Mosetertoppen på Hafjell like etter.

(©NPK)

Helene Marie Fossesholm, her under Lysebotn opp- løpet på Blinkfestivalen i Sandnes i august, droppar den kommande høgdesamlinga i Italia. Foto: Carina Johansen / NTB