Annonse

Fotball: Portugal mot Tyskland i EM-finalen

Ei snau veke før det pandemiutsette fotball-EM-et blir sparka i gang spelar Portugal og Tyskland søndag finale i EM-sluttspelet for U21-lag.

Portugal vann naboduellen med Spania i semifinalen takka vere eit sjølvmål av Jorge Cuenca ti minutt før full tid. Den kampen vart spelt i Maribor i Slovenia.

Seinare torsdag kveld vann Tyskland 2–1 over Nederland i Szekesfehervar i Ungarn, ved hjelp av ein skikkeleg sjokkstart. Florian Witz skåra to gonger før det var spelt åtte minutt.

Midtstoppar Perr Schuurs reduserte for nederlendarane midt i 2. omgang, men tyskarane var best og er klar for den tredje strake finalen i U21-EM. Mergim Berisha hadde heile tre stolpetreff for tyskarane.

Sigeren til Tyskland hindra at dei to laga som enda føre Noreg i kvalifiseringa møttest i finalen. Det norske laget enda langt bak Nederland og Portugal i kvalifiseringa, der Noreg på grunn av norske innreiserestriksjonar heller ikkje fekk spelt alle kampane sine.

Sluttspelet vart delt med gruppespel i mars og utslagsrundar i mai og juni. Finalen blir spelt i hovudstaden i Slovenia, Ljubljana.

(©NPK)

Mergim Berisha hadde heile tre stolpetreff i EM-semifinalen for U21-lag, men Tyskland vann likevel 2–1 over Nederland takka vere to tidlege mål av Florian Witz. Foto: Zsolt Szigetvary, MTI via AP / NTB

Portugal feirar semifinalesigeren over Spania i EM-sluttspelet for U21-lag. Søndag ventar Tyskland i finalen. Foto: Darko Bandic, AP / NTB

Ballen forsvinn over Spania-målvakt Alvaro Fernandez etter å ha treft Jorge Cuenca (til høgre). Det gav Portugal sigeren i EM-semifinalen for U21-lag. Foto: Darko Bandic, AP / NTB