Fotballpresidenten om mogleg VM-boikott: – Vi må lytte til kva fotballfamilien vil

Fotballpresident Terje Svendsen forsvarer NFFs linje om å kritisere Qatar-VM gjennom dialog, men vil lytte til boikottkrav frå fotballfamilien.

Norges Fotballforbund har vore kritiske til fotball-VM i Qatar sidan tildelinga skjedde mot NFFs stemmer i 2010. Fredag gjekk Tromsø ut og kravde boikott av VM i Qatar og fekk støtte frå Strømsgodset og Viking. Fire eliteserieklubbar skal vurdere boikottspørsmålet på årsmøta sine.

Fotballpresident Terje Svendsen seier NFF har prøvd å betre forholdet til gjestearbeidarane i Qatar gjennom dialog, besøk i Qatar og kritikk av det han kallar uakseptable forhold.

– Det har vore linja vår, og så vil det vere ein diskusjon i fotballfamilien om korleis vi skal handtere spørsmålet vidare framover. Haldninga vår så langt har vore å følgje Amnesty Internationals tilråding om å påverke i staden for å boikotte. Så vil vi måtte lytte til kva fotballfamilien meiner er riktig strategi, seier Svendsen til NTB.

– Vi har stor forståing for at Qatar-VM bekymrar fotballen, og vi synest det er bra at også klubbar engasjerer seg i spørsmålet, for det bidreg til meir merksemd rundt det, seier fotballpresidenten.

(©NPK)

Fotballpresident Terje Svendsen vil lytte til kva fotballen meiner om VM-boikott. Foto: Terje Pedersen / NTB