Frå nord til sør vil gradestokken nå 30 grader og kanskje endå meir

I Sør-Noreg blir det over 30 grader enkelte stader denne veka. Deretter sig varmen nordover og sikrar nesten like varme dagar her i indre strøk i helga.

- Nedbøren heng litt igjen på Vestlandet tysdag. Frå onsdag blir det fint i heile Sør-Noreg, med tørt og varmt vêr. Dette blir svekt mot slutten av helga eller starten av neste veke, seier statsmeteorolog Ragnhild Nordhagen hos Meteorologisk institutt.

Det er endå ei lita usikkerheit knytt til eit lågtrykk i Norskehavet. Viss finvêret og høgtrykket trekker litt meir austover kan lågtrykket komme inn over Vestlandet.

30 og meir

- Men Austlandet ligg trygt til dei kommande dagane. Det blir sol og varme med mellom 25 og 30 grader, og indre strøk kan etter kvart få over 30 grader, seier Nordhagen.

Frå torsdag trekker varmlufta nordover. Fredag og laurdag kan det bli veldig fint og varmt her, særleg i indre strøk kan det bli opp mot 30 grader.

Nord-Noreg har hatt nokre nydelege soldagar i helga. Søndag hadde Tromsø årets første høgsommardag med over 25 grader. Dette var likevel ingen ting mot Brønnøysund som noterte 27,4 grader same dagen.

Havtåke

På grunn av forskjellen i temperaturane på havet og lufta, kan ein gjennom veka oppleve havtåke langs kysten i heile landet, spesielt om morgonen.

- I Sør-Noreg vil nok sola brenne tåka bort, men ho kan bli liggande lenger nord, seier Ragnhild Nordhagen.

(©NPK)

Sol, sommar og hetebølge på veg. Denne veka vil gradestokken vise rundt 30 grader både nord og sør i landet vårt. Foto: Geir Olsen / NTB scanpix