Annonse

Framleis kritisk for russ etter ulykke med russebuss

(NPK-NTB): Tilstanden var fredag morgon framleis kritisk for 19-åringen som vart skadd i ei russebussulykke i Arnanipatunnelen i Bergen natt til torsdag.

19-åringen frå Fana gymnas har heilt sidan han vart lagt inn på Haukeland universitetssjukehus blitt karakterisert som kritisk skadd. Sjukehuset opplyste til politiet fredag morgon at tilstanden ikkje er endra, skriv Bergensavisen.

19-åringen stod truleg på taket av russebussen da den køyrde gjennom Arnanipatunnelen natt til torsdag. Ein reknar med at guten vart treft i hovudet av noko inne i tunnelen.

22 medruss var i russebussen då ulykka skjedde, og fleire som blir rekna som sentrale vitne, skal avhøyrast fredag. Det skal også den litauiske sjåføren i 40-åra som fekk førarkortet beslaglagt.

Statens vegvesen konstaterte torsdag at takkrona på russebussen ikkje var lovleg. (©NPK)

Annonse