Framleis raudt farenivå på Veslemannen

Etter nedbør søndag kveld auka rørslene i fjellpartiet Veslemannen, og NVE held oppe raudt farenivå.

Rørslene i fjellpartiet har måndag minka, og det er varsla stort sett fint vêr dei neste dagane, men det er framleis raudt farenivå, melder Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) i morgonrapporten sin. Dei skal vurdere farenivået utover dagen.

Fredag førre veke vart nivået oppjustert til oransje etter fleire større steinsprang. Ved 14-tida same dag vart nivået heva til raudt. Bebuarar under fjellpartiet måtte evakuerast for 14. gong som følgje av rørslene. Det har etter dette vore fleire store steinsprang.

Veslemannen er ein relativt liten, men svært aktiv del av det ustabile fjellpartiet Mannen i Romsdalen.

Fjellpartiet har eit volum på 120.000-180.000 kubikkmeter, noko som utgjer rundt 1 prosent av det totale volumet av Mannen. Fjellet er 1.294 meter høgt og ligg på vestsida av Romsdalen i Rauma kommune.

Det har vorte kontinuerleg overvaka sidan 2009, først av Åknes/Tafjord Beredskap IKS, så av NVE frå 2015.

(©NPK)

NVE held oppe raudt farenivå på Veslemannen. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix