Annonse

Framleis stor rasfare og raudt farenivå for Veslemannen

Rørslene i fjellpartiet Veslemannen har minka noko, men er framleis store. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) held oppe raudt farenivå.

Rørslene i fjellpartiet Veslemannen har minka noko, men er framleis store. Noregs vassdrags- og energidirektorat (NVE) held oppe raudt farenivå.

Farten i fjellpartiet har minka noko sidan fredag formiddag og var fredag ettermiddag i underkant av 40 centimeter per døgn i den øvre, aktive delen. Ifølgje Noregs vassdrags- og energidirektorat har det nedre frontpartiet halde seg stabilt i underkant av 2 centimeter per døgn.

Sjølv om farten har minka noko, blir han framleis karakterisert som høg, ifølgje NVE. Dei held difor oppe det raude farenivået for fjellpartiet. Det er plussgrader, men noko kjøligare enn torsdag.

Det går framleis ein del steinsprang i området, men aktiviteten har minka sidan natt til fredag. Bebuarane er framleis evakuert og får ikkje flytta heim.

- Dette har blitt ei lengre evakuering enn tidlegare, og vi er i jamleg dialog med dei som er evakuerte, seier ordførar Lars Olav Hustad (H) i Rauma.

Sidan 2014 har bebuarane ved foten av fjellet i Rauma blitt evakuerte ti gonger.

(©NPK)

Bebuarar ved fjellpartiet Veslemannen i Møre og Romsdal har endå ein gong måtta evakuera på grunn av store rørsler i fjellet. Farenivået held fram å vera raudt. Foto: Terje Bendiksby / NTB scanpix