Annonse

Framleis svak igangsetjing av bygging av nye bustader

Hittil i år er det sett i gang bygging av 11 prosent færre bustader enn i fjor. Salet av bustader held seg likevel stabilt.

- Salet held seg stabilt, medan igangsetjinga framleis er svak samanlikna med tidlegare år, seier administrerande direktør Per Jæger i Boligprodusentenes Forening i ei pressemelding.

Nye tal viser at det i oktober vart sett i gang bygging av 15 prosent fleire bustader enn i oktober i fjor. Hittil i år ligg likevel igangsetjinga 11 prosent under fjoråret. Ein må heilt tilbake til 2010 for å finne svakare igangsetjingstal i perioden januar til oktober.

Igangsetjinga av leilegheiter ligg hittil i år 17 prosent under fjoråret, medan det har vore ein nedgang på 2 prosent for småhus og 4 prosent for einebustader.

Samtidig er det selt 1 prosent færre bustader hittil i år enn frå januar til oktober i fjor.

- Moderat sal og svak igangsetjing viser at vi framleis har ein svakare bustadmarknad. Vi held oppe den klare tilrådinga vår om å oppheve bustadlånsforskrifta, seier Per Jæger.

(©NPK)

Byggeverksemd av nye bustader på Ensjø på i Oslo. Foto: Lise Åserud / NTB scanpix