Annonse

Frankrike etterforskar bakkemannskap ved flyplass i Paris

(NPK-NTB-AP): Franske etterforskarar har begynt å avhøyre bakkemannskap som hadde tilgang til EgyptAir flight 804 ved Charles de Gaulle-lufthamna i Paris.

– Mannskapa som direkte eller indirekte har hatt noko å gjere med flyginga, blir sjekka og avhøyrde, seier ein talsperson for franske styresmakter. Kjelda vil ikkje bli namngitt fordi han ikkje har mynde til å uttale seg på dette stadiet i etterforskinga.

Bakkemannskapa som jobba med flyet, eller handterte noko av det som skulle inn i flyet, blir sjekka. Dette gjeld dei som handterer bagasje, vedlikehaldspersonell, innsjekkingspersonell, sikkerheitsvakter, dei tilsette frå flyselskapet ved utgangen og fleire. Alle har tilgang til såkalla raud sone ved flyplassen.

Denne løyva blir gitt for tre år av gongen. I fjor blei fleire flyplasstilsette fråtekne tilgangen sin grunna «tilfelle av radikalisering».

EgyptAir-flyet tok av frå Paris onsdag kveld. Då hadde det stått på Charles de Gaulle ein times tid. Tidlegare same dag hadde flyet vore innom fleire lufthamner, blant anna i Nord-Afrika. (©NPK)

Annonse