Annonse

Fransk sykkelritt stansa etter dramatisk masseveltar

Den 2. etappen av det franske sykkelrittet Etoile de Bessèges vart stansa med vel to mil igjen etter ein kraftig massevelt som også ramma Uno-X-laget.

Annonse

23 kilometer stod att av den 169,6 kilometer lange etappen frå Bagard til Aubais då mange titals ryttarar dundra i asfalten på ei steinbru. TV-bileta viste det totale kaoset.

Minst éin Uno-X-ryttar måtte ned i velten, medan ein annan måtte stanse heilt opp som følgje av dramatikken. TV-bileta viste at fleire ryttarar vart båre inn i sjukebilar.

Kort tid etter velten valde arrangørane å stanse feltet.

– Dette er dramatiske bilete. Vi får berre krysse fingrane for at det går bra. Her er det kommissæren som har signalisert at etappen akkurat no er nøytralisert, men ikkje godt å seie kvifor, sa TV 2-kommentator Christian Paasche.

Han spekulerte vidare i at årsaka til nøytraliseringa kan vere at alle legeressursane var i bruk for å hjelpe dei skadde ryttarane etter massevelten. Dermed kunne ikkje tryggleiken til dei attverande syklistane garanterast.

Det er usikkert om etappen vil bli oppatteken og fullført.

(©NPK)