Annonse

Freia trekkjer tilbake Melkerull-parti

Mondelez Noreg AS, som eig Freia, trekkjer tilbake Melkerull 74g med haldbardato 05.11.2022. Tilbaketrekkinga kjem av mogleg innhald av mandlar i sjokoladen.

Sjokoladen kan innehalde bitar av Daim, skriv Matportalen. Daim inneheld 1 prosent mandlar, ein ingrediens som ikkje er deklarert på Melkerull-pakkane.

Sjølv om ein sjeldan ser alvorlege allergiske reaksjonar på mandlar, skal det opplysast om nøttetype på pakningen når det blir nytta nøtter i ei matvare.

Forbrukarar som har kjøpt det aktuelle produktet, kan levere det tilbake til butikken der dei kjøpte det, eller kontakte Mondelez for å få pengane tilbake.

(©NPK)

Melkerull 74g med haldbardato 05.11.2022 blir trekt tilbake. Foto: Mondelez / NTB / NPK