Annonse

Fri Fagbevegelse: IA-avtalen klar til å underteiknast

Partane i arbeidslivet har vorte einige med staten om ein ny avtale om eit inkluderande arbeidsliv. Avtalen blir underteikna tysdag, skriv Fri Fagbevegelse.

Dagens IA-avtale går ut ved nyttår, og den nye avtalen som skal signerast hos arbeids- og sosialminister Anniken Hauglie (H), vil gjelde for ein periode på fire nye år, skriv avisa.

Dagens avtale har tre hovudmål - å senke sjukefråværet, få fleire personar med funksjonsnedsetjing inn i arbeidslivet og å bidra til at fleire over 50 år jobbar lenger. Endringane i den nye «intensjonsavtalen for eit meir inkluderande arbeidsliv», er likevel ikkje kjent.

Dagens avtale har ein klausul som hindrar endringar i sjukelønnsordninga, og ei liknande «freding» vil etter det NTB kjenne til bli vidareført. Sjølv om endringar i sjukelønna ikkje har vorte diskutert, har eit stridstema vore om ein ny avtale skal låse sjukelønna i ytterlegare fire år.

Ifølgje Fri Fagbevegelse har partane i IA-forhandlingane vorte einige om å utsetje diskusjonen om sjukelønna til etter at sysselsetjingsutvalet, som har fått mandat til å drøfte sjukelønnsordninga, etter planen kjem med innstillinga si i januar.

På arbeidsgivarsida har NHO, Virke, Spekter og KS i tillegg til regjeringa delteke i forhandlingane om ein ny IA-avtale. Arbeidstakarsida har vore representert av dei fire store samanslutningane LO, Unio, YS og Akademikerne.

(©NPK)

Forhandlingar om ny IA-avtale starta i byrjinga av november. Tysdag er ein ny avtale for dei neste fire åra klar til å underteiknast. Foto: Håkon Mosvold Larsen / NTB scanpix