Annonse

Friidrett: Tidlegare verdsmeister stengd ute for doping

Den kviterussiske løparen Marina Arzamasova (32) er stengd ute frå alle konkurransar i fire år. I fjor testa ho positivt i ei dopingprøve.

Annonse

Det er integritetseininga til friidretten (AIU) som avsa dommen fredag.

Arzamasova vart verdsmeister på 800 meter i 2015. Året før tok ho EM-sølv.

Kviterussaren testa i fjor positivt for stoffet ligandrol. Prøva vart teken utanfor konkurranse.

Arzamasova sette bestenotering på 800 meter med tida 1.57,54 i 2015. Dei fire siste åra har ho ikkje greidd å ta seg under to minutt på distansen.

(©NPK)

Marina Arzamasova jublar for VM-gull på 800 meter i 2015. Fredag vart ho stengd ute for doping i fire år. Foto: David J. Phillip / AP / NTB