Annonse

Frisk Halfvarsson sjuk igjen

Først var han sjuk. Så vart han frisk. No har den svenske langrennsprofilen Calle Halfvarsson vorte sjuk igjen.

Annonse

Fredag stadfestar Det svenske skiforbundet at Halfvarsson må stå over verdscupavslutninga i canadiske Quebec i helga.

- Den forkjølinga som Calle Halfvarsson kjente i byrjinga av veka har brote ut, og han kjem derfor ikkje til start, melder forbundet.

Halfvarsson gav i byrjinga av veka uttrykk for at han ikkje følte seg bra, og at han rekna med at ei forkjøling var på veg.

Torsdag friskmelde han seg sjølv, og erklærte at det truleg hadde vore falsk alarm. Det var det visst ikkje.

Renna i Canada startar med sprint fredag.

(©NPK)

Calle Halfvarsson må droppe Canada-renn. Foto: Fredrik Hagen / NTB scanpix