Annonse

Fritt Ord-pris til russisk nettavis

Fritt Ords Pris for 2022 vart måndag delt ut til den uavhengige russiske nettavisa Meduza under ein seremoni i Oslo.

Annonse

– Meduza blir tildelt Fritt Ord-prisen for sin modige, uavhengige og faktabaserte journalistikk for russarar og eit internasjonalt publikum. Nyheitsbyrået har utfordra russisk sensur i årevis, og er no forbode. Dei held oppe sin posisjon under ekstremt krevjande omstende, sa Fritt Ords styreleiar Grete Brochmann under utdelinga av prisen i Operaen i Oslo.

Prisen vart teken imot av utgivaren til avisa Galina Timsjenko og sjefredaktør Ivan Kolpakov.

– Vi er absolutt i ei mørk tid, men eg vil sitere ein klok mann som ein gong sa: «Seier er ikkje endeleg. Nederlag er ikkje fiasko. Alt handlar om motet til å fortsette», sa Timsjenko under mottakinga av prisen.

Nyheitsportalen Meduza vart etablert av Timsjenko i 2014 i Latvias hovudstad Riga.

– Ho var tidlegare sjefredaktør for Lenta.ru, eit av Russlands mest populære nettmedium. Men på grunn av den russiske sensuren som følgde annekteringa av Krim i 2014, vart ho tvinga til å flytte verksemda til Riga. Der etablerte ho nyheitsportalen Meduza saman med fleire av journalistane frå Lenta.ru. Dei når ut til millionar av unike brukarar, og den pågåande krigen har gitt plattforma eit endå større publikum frå heile verda, skriv Fritt Ord.

(©NPK)