Klargjør siden...

Frontkollisjon stengjer E18 i Telemark

(NPK-NTB): Ein frontkollisjon mellom ein lastebil og bubil sperrar E18 ved Langangen i Telemark. Ein lastebilsjåfør er lettare skadd.

Alle naudetatar rykte måndag formiddag ut til trafikkulukka ved Langangen i Porsgrunn kommune. Berre lastebilsjåføren blei skadd.

– Føraren av lastebilen har fått skadar i ein arm, seier operasjonsleiar Ole Jørgen Lund i Telemark politidistrikt.

Det er lekkasje av drivstoff og gass frå bubilen, men omfanget av dette er førebels ukjent.

Vegen er førebels stengt, og det er lange køar på strekninga. (©NPK)

Annonse