Klargjør siden...
Annonse

Froome tok verdifulle minutt på Quintana

(NPK-NTB): Chris Froome var den raskaste på tempoetappen i Vuelta a España fredag og knuste sammenlagtleiaren, Nairo Quintana.

Dermed ligg det an til ein spennande finale i fjella laurdag.

Froome låg rundt tre og eit halvt minutt bak Quintana før fredagsetappen og trykte til frå første tråkket på den 37 kilometer lange tempoen frå Xábia til Calp.

– Det er ein svolten og forbanna Chris Froome vi ser her no. Dette her skal han hemne, sa TV 2-kommentator Mads Kaggestad på direkten.

Froome kom i mål på tida 46.33, 2 minutt og 16 sekund før Quintana. Det var den andre etappesigeren til briten i Vueltaen i år. Quintana, som ikkje nokon tempospesialist, ligg 1 minutt og 21 sekund føre Froome i samandraget når det står igjen to etappar.

Spanjolen Jonathan Castroviejo tok andreplassen bak Froome, mens svensken Tobias Ludvigsson vart nummer tre.

Den avgjerande nest siste etappen i Spania rundt går frå Benidorm til Alto Aitana laurdag. Rittet endar med ein flat etappe søndag. (©NPK)