Tips oss:
Tips
Sentralbord: 70 07 44 22 Mobil: 995 22 999
Kontakt
(NPK-NTB): Landsstyret i Framstegspartiet går samrøystes imot forslaget til helseminister Bent Høie (H) om nøytral innpakking av sigarettar og snus.
npk@npk.no
Publisert: 07.03.2016 kl 17:19
I februar i fjor foreslo Høie at alle tobakkspakningar skal bli mørkegrøne, ha helseåtvaringar og vere reklamefrie. Dette skal hindre at barn og unge blir freista til å byrje med tobakksprodukt.
– Så lenge røyk og snus er lovlege produkt, så må produsentane få lov til å vise fram merka sine og kjempe om kundane på den måten. Folk har rett til å få informasjon om det som er lovleg, vart konklusjonen på Frps landsstyremøte i helga, ifølgje Dagbladet.
– Dette bør ikkje komme som noka overrasking på Bent Høie, for vi i Frp har vore heilt klare på at vi ikkje synest dette er ein god idé. Vi har mindre tiltru til pisk og forbod enn andre har, seier Morten Wold, som sit i helsekomiteen for Frp.
Dermed må helseministeren snikre saman eit fleirtal i Stortinget utan regjeringspartnar Frp dersom han vil innføre nøytrale tobakkspakningar i Noreg. Viss ikkje, går hjartebarnet hans opp i røyk.
– Vi Frp-arar på Stortinget må rette oss etter dette vedtaket. Dette er heilt klart styrande for oss, seier Wold.
Bent Høie har, ifølgje avisa, ikkje vore tilgjengeleg for å kommentere Frp-vedtaket. (©NPK)
Artikkelen fortsetter etter annonsen.